Det er lett, det er effektivt og du kan gjere det framfor fjernsynet.
Det er lett, det er effektivt og du kan gjere det framfor fjernsynet.
Kven har ikkje lyst på fin mage? Spesielt no når bikinisesongen berre er nokre månader unna. Har du ikkje allereie starta treninga, begynn i dag! Det er tid for Brostein si daglege styrketrening. Personleg trenar Rune Soltvedt på SiB Vektertorget viser oss tre enkle styrkeøvingar.
Dette er ein tradisjonell sit-up. Den einaste forskjellen er at du skal rulle ryggen på veg ned og halde han rett på vegen opp. På denne måten blir den enklare.
– Det at det skadar ryggen å gå heilt opp stemmer ikkje. Berre dei som har problem med ryggen skal vere forsiktige, seier Rune.
Til denne øvinga treng du ein ball eller eit anna instrument som veg litt. Du skal løfte bein og rygg og dra ballen frå side til side over magen.
Dette er ei enkel øving som du ikkje treng noko ekstra utstyr for å gjennomføre. Du inntar stillinga på biletet og løfter hofta.
Kvar øving kan du ta 12-20 goner i tre repitisjonar.