gammel brostein

Få den perfekte mage!

Liknar ikkje din mage denne? Start treninga i dag! Foto: lululemon athletica,Flickr/CC

Det er lett, det er effektivt og du kan gjere det framfor fjernsynet.

Kven har ikkje lyst på fin mage? Spesielt no når bikinisesongen berre er nokre månader unna. Har du ikkje allereie starta treninga, begynn i dag! Det er tid for Brostein si daglege styrketrening. Personleg trenar Rune Soltvedt på SiB Vektertorget viser oss tre enkle styrkeøvingar.

1. Rull ned, rett opp

Er vanleg sit-ups litt kjedeleg? Auk tyngda med ein ball. Du kan hive den i veggen, eller til ein ven. Foto: Solveig Sæther

Dette er ein tradisjonell sit-up. Den einaste forskjellen er at du skal rulle ryggen på veg ned og halde han rett på vegen opp. På denne måten blir den enklare.

– Det at det skadar ryggen å gå heilt opp stemmer ikkje. Berre dei som har problem med ryggen skal vere forsiktige, seier Rune.

2. Rotasjon med ball

Denne øvinga gjer spesielt godt resultat for magemusklane på sida. Foto: Solveig Sæther

Til denne øvinga treng du ein ball eller eit anna instrument som veg litt. Du skal løfte bein og rygg og dra ballen frå side til side over magen.

3. Hofte hev

Dette er ei øving som er god for dei som har problem med ryggen. Foto: Solveig Sæther

Dette er ei enkel øving som du ikkje treng noko ekstra utstyr for å gjennomføre. Du inntar stillinga på biletet og løfter hofta.

Kvar øving kan du ta 12-20 goner i tre repitisjonar.

Se hvordan du enkelt kan trene rumpen hjemme.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *