gammel brostein

Humor, galskap og song

«Peder Påske» har premiere laurdag 12. februar. Foto: Solveig Sæther

Den Nationale Scene set no opp eit ellevilt bergens-stykke.

«Peder Påske» er ein satirisk komedie som tek for seg livet i  Bergen i 1910. Her møter ein familien til direktør Selsing som er blant dei velståande i Bergen, og folka som jobbar for dei. Då dei leiger inn målaren Peder Påske til å måle eit portrett, oppstår det ei rekkje komplikasjonar. I løpet av stykket blir dei blant anna inovolverte i eit vekkelsesmøte, sjølvmord, ulovleg kjærleik og familiedrama i ei taterslekt.

– Det er ei skarp satire over folk som ikkje vil akseptere endringar i tida. Nokre av desse haldningane finn ein også att i dag, seier Gunnar Staalesen, som har skrive stykket, til Brostein.

Stykket er skrive spesielt for bergensarar og vestlendingar, noko ein ser igjen i både tonefallet og miljøet. Det blir og harselert med motsetningane mellom Bergen og Oslo.

– Det er nok meir morro for vestlendingar enn til dømes austlendingar. Stykket er også skrive spesielt for Den Nationale Scene, seier Staalesen.

Utradisjonelt

Lykke Kristine Moen (23) og Karl Vidar Lende (19) spelar to av hovudrollene. Dei meiner stykket har ei heilt ny form som ein ikkje har sett mykje på Den Nationale Scene tidlegare.

Lykke Kristine Moen og Karl Vidar Lende er to unge talent ved Den Nationale Scene. Foto: Solveig Sæther

– Songen er ein del av dialogen og viktig for å drive handlinga framover. Rørslene og koreografien er veldig uttrykksfulle, og er med på å understreke kva som skjer, seier dei.

Dei har jobba med stykket sidan før jul. Det har vore nødvendig med hard jobbing for å klare å binde dei ulike elementa i stykket saman.

– Ein har både regi, sang og koreografi. Dette skal vi først lære kvar for seg, for så å sette det saman, og det kan vere krevjande, seier Moen og Lende.

Noko av det vansklegaste for dei to skodespelarane har vore å hugse alt.

– Svært mange detaljar er viktige for at humoren skal komme fram. Dette gjeld særleg koreografi og samspel med dei andre skodespelarane. I tillegg er det mange fellesnummer og hurtige kostymeskift, seier dei to.

Sjølvironi

Stykket inneheld mykje bergensk patriotisme, samtidig som bergensarane ler litt av seg sjølve.

– Det syner noko av sjølvgodheita til bergensarane. Dette med at bergensarane på den tida såg på seg sjølve som litt betre enn andre, då spesielt austlendingar. Det spelar også på framandfrykt, ikkje berre for utlendingar, men også nordmenn frå andre delar av landet, seier Moen og Lende.

Dei to meiner likevel at folk som ikkje er bergensarar kan ha glede av stykket.

– Både ressigøren og koreografen er austlendingar. Ein kan sjå stykket litt gjennom deira auge, og dei gjer nok narr av kor forskrudde bergensarar var på den tida.

Stykket er straks klart for premiere, og det er berre små justeringar som står att.

– Det går betre og betre for kvar kveld. Vi har hatt to forestillingar for publikum, som har gått fint. Det er likevel litt småplukk som vi jobbar med kvar dag fram til laurdag, seier dei to.

«Peder Påske» har urpremiere laurdag 12. februar på Den Nationale Scene.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *