gammel brostein

Kvarteret – eitt år etter

Trass gode tal dei to første månadane har Kvarteret hatt færre besøkjande enn dei venta før gjenopninga. Foto: Vilde Grimelid Oppedal

Det blir framleis jobba med å byggje opp att Kvarteret som merkevare5. februar var det eitt år sidan Kvarteret blei gjenopna i sine gamle lokal, etter tre år med oppgradering.

– Vi var ambisiøse og venta at besøkstala skulle gå rett tilbake til slik dei var i 2006. Dessverre har det ikkje gått heilt slik, seier Lars Arnesen, dagleg leiar ved Kvarteret.

Han understrekar likevel at driftar har gått greit dette året.

– I januar i år har vi også sett ei positiv utvikling med godt besøkte arrangement, seier han.

Driftsresultatet har gått frå ei omsetning på to til tre millionar til 12 millionar.

Må bli kjende

Studentar utgjer det største kundegrunnlaget for Kvarteret. Mange av dei nyare studentane har ikkje kjennskap til Kvarteret som utestad der det ligg i dag.

Lars Arnesen fortel at få andre utestadar merka Kvarteret si gjenopning, då dei har ei yngre kundegruppe enn andre. Foto: Vilde Grimelid Oppedal

– Dei som begynte å studere i 2007 eller seinare kjenner ikkje huset her, og hadde gjerne andre stader dei gjekk før vi gjenopna. Vi treng derfor meir tid til å syne kva vi er og kva vi kan tilby, fortel Arnesen.

Vegard Tryti, president for Realistforeningen, er einig i dette. Dei står for ulike arrangement på Kvarteret og har opplevd eit varierande besøkstal i 2010.

– Det begynte bra etter gjenopninga med knall-tal den første tida, men seinare dalte det. Eg trur ikkje Kvarteret er etablert endå som ein naturleg plass for studentar å gå, seier han.

Både dei og Aktive Studenters Forening (ASF) satsar på konsertar og arrangement som skal trekke studentar. Samtidig vil dei gjerne også treffe eit breiare publikum.

– Det nye vi har satsa mykje på siste året er eit klubbkonsept der vi leiger inn DJ-ar til å spele, seier Håvard Bjørnstad Havro, presseansvarleg i ASF.

– Vi prøver å tilby det beste, så får vi ta tida til bruk med å gjere Kvarteret meir kjend blant folk, seier Tryti.

Spøkjer for Sommarkvarteret

Kvarteret prøver også å halde ope om sommaren. Då er det andre som tek over drifta og får betalt for dette. Dei har endå ikkje fått inn nokre søkjarar til stillingane.

– Fristen var eigentleg 15. februar, men har no blitt utsett til 15. mars. Vi har gjerne vore for ambisiøse då mange ikkje har begynt å tenkje på sommarjobb endå, seier Eirik Høydal, PR-ansvarleg for Kvarteret.

Dagleg leiar Arnesen fortel at i fjor kom ikkje Sommarstyret på plass før i mai. Dette var for seint då det krev ein del planlegging, og drifta gjekk heller ikkje så bra i fjor.

– Vi ønskjer å kunne leggje ein god strategi for drifta i sommar. Det er derfor vi vil ha folk såpass tidleg, fortel han.

Dersom dei ikkje får nokon til å drive Sommarkvarteret må dei halde stengt heile sommaren.

– Det er ikkje noko økonomisk krise for oss å halde stengt, men det er veldig synd for Kvarteret som merkevare. Båkgården vi har laga til er til dømes tenkt for bruk om sommaren, seier Høydal.


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *