gammel brostein

– Interessa for kaffe eksploderar

Kaffe Latte er ein av dei mest populære kaffedrikkane. Foto: Solveig Sæther

– Folk veit kva dei vil ha, seier cafémedarbeidar i Bergen, Kjersti-Lill Sørgård.

Rundt 80% av den norske befolkninga drikk kaffe. Dette kjem til syne på talet kaffebarar i landet.

– Det var ein snøball som starta å rulle for rundt 15 år sidan. Den rulla fortare og fortare. Og slik blei kaffebarane til, seier Marit Lynes i Norsk Kaffe Informasjon til Brostein.

God kvalitet

At kvaliteten på kaffen er god, er blitt viktigare for mange.

Cafémedarbeidar på Augustins Kaffelade i Bergen, Kjersti-Lill Sørgård, fortel at dei no har fleire kundar som er opptatt av kvar kaffeen er produsert og kven som er produsert han.

– Det er ein del av fairtrade

Kjersti-Lill Sørgård og Ásta Gudrún Helgadóttir jobbar på Augustins Kaffelade. Dei meinar folk er meir kresne på kaffen enn før. Foto: Katharina Nitter Gudmundsen

bølgja. Folk vil vere sikker på at kaffen er god og dei vil vere sikker på at råvareprodusentane får greit betalt. Kundane våre er kvalitetsbevisste, seier ho.

Ho fortel at Kaffe Latte er den kaffedrikken dei sel mest av, og kundane nølar ikkje med å seie ifrå korleis dei vil ha han.

– Kundane våre ønskar alt frå H-mjølk til ekstra varm Kaffe Latte til karamelltilsetning.

Sjølv om Kaffe Latte er den mest populære kaffen når ein er på café, er det ein aukande del av cafébesøkarane som bestiller drikka svart og sterk.

– Den svare kaffen frå Kenya er ein av dei som aukar mest i popularitet hos oss, seier Sørgård.

Dobbel Americano med lite vatn

Fredrik Bull (22) er ein fast kunde på Kaffemisjonen. Han går på café 3-4 gonger i veka.

-Altfor mykje i forhold til kva lommeboka tåler, innrømmer han.

Fredrik Bull (22) studerer møbeldesign på kunsthøyskolen. Han elskar kaffe. Foto: Solveig Sæther

Studenten er ein av eit aukande antal kresne kundar.

– Kvalitet er veldig viktig for meg. Eg gir beskjed viss det er noko eg vil ha annleis. Favouritten er svart, nybrent kaffe. Eg kjøper ofte ein dobbel Americano, men den skal det vere lite vatn i, seier han.

Fredrik går enten på kaffe aleine for å jobbe, eller så går han i lag med andre for å prate.

– Det er jo ambiancen som er viktig. Det sosiale rommet, seier han.

Heimedrikk

Fleire kaffebarar til tross – nordmenn er ikkje på linje med italienarar når det gjeld å drikke kaffen på café. Omgrepet “kaffebar” er framleis noko nytt for dei fleste.

– For dei fleste nordmenn er kaffe noko ein drikk heime. For kvar kopp kaffe ein drikk på kaffebar drikk ein 20 koppar ein annan stad. Så totalt sett utgjør kaffekonsumet på café ein liten del av det totale konsumet, seier Lynes.

Men den lille andelen er likevel veldig synleg, skal vi tro Lynes.

– Kaffebarane er i større grad enn før blitt ein del av trendbiletet i det norske samfunnet. Og det blir meir og meir populært.

2 comments for “– Interessa for kaffe eksploderar

  1. 12. mars, 2011 at 14:27

    Litt underlig det eksploderer nå – husker jeg rett eksploderte det før også 😉

    Jeg undersøkte litt (september ifjor), og kaffestatistikk er visstnok ikke bare copy/paste arbeid (mange som ikke sjekker kildene sine), men les selv: http://kaffe.be/litt-kaffestatistikk/

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *