gammel brostein

Ambisiøs satsing – lite midlar

Målet er at 10% av alle reiser skal bli gjort med dette transportmiddelet innan 2019. Foto: Bent S. Olsen/CC

Bergen skal bli ein betre sykkelby, men investerer nesten hundre millionar mindre per år enn det som er anbefalt.

Den nye handlingsplanen for sykkelstrategien til Bergen frå 2010 til 2019 blei vedteken i byrådet 24. januar, som ein del av Bergensprogrammet for transport, byutvikling og miljø.  Det blir bevilga mindre pengar enn det som er anbefalt for å kunne gjennomføre prosjektet.

– Ein større del av bompengane burde gått til slilke tiltak og kollektivtrafikk generelt, seier Lillian Blom, bystyrerepresentant for Sosialistisk Venstreparti (SV).

Saknar trøkk

For å gjennomføre tiltaka som ligg i handlingsplanen er det rekna ut at Bergensprogrammet bør bruke 150 millionar kroner i året, mens det er berre lagt opp til å investere 56 millionar i året dei neste fire åra.

– Fylket har også gitt mykje midlar til opprusting av busstasjonen. Ein del av denne potten burde ha gått inn i sykkelstrategien i stadenfor, seier Blom.

Syklistenes landsforening i Bergen meiner satsinga går for treigt.

– I forhold til kva vi forventar er det lite som ligg i planane for kommande år. Det må adskilleg meir trøkk til for at det skal bli attraktivt å sykle i Bergen, seier Åse Simonsen.

– Vi held oss innanfor det som vi heile tida har planlagt å bruke fram til 2014. Utfordringa blir å finansiere prosjekta frå 2014 til 2019 då det meste skal byggjast, seier Rune Herdlevær, fagsjef for etat for plan og geodata i Bergen kommune.

Dette vil innebere at investeringane må auke kraftig frå 2014.

– Er planen for ambisiøs?

–  Ikkje for ambisiøs, men det er også ei utfordring å klare å finne nok ressursar i forvaltninga som kan gjennomføre prosjekta, i tillegg til dei økonomiske ressursane, seier Herdlevær.

Dårleg tilrettelegging

Per i dag er det dårleg tilrettelagt for syklistar i Bergen. Det er mykje som må betrast i følgje landsforeninga.

– Det største problemet er at det ikkje er nokon gjennomgåande sykkelveg ned til sentrum. I tillegg er det for mange trasear det det er ein kombinasjon av sykkel- og gangsti, fortel Simonsen.

SV saknar også ei større satsing på sykkel i sentrum.

– Trur du Bergensprogrammet klarer å gjennomføre alt i handlingsplanen?

– Eg er skeptisk til at dei manglar midlar, men det er også viktig å vere ambisiøs, seier Simonsen.

Ho legg til at det er mange i Bergen som seier dei ønskjer å sykle, men som ikkje torer på grunn av at det er risikofylt å sykle i trafikken.

Press frå staten

Satstinga på sykkel i Bergen er ein del av Nasjonal transportplan, og er pålagd av staten.

– Vi må følgje statlege retningslinjer og satse på sykkel. Det er tydelege målsettingar om dette i Nasjonal transportplan, seier Herdlevær.

Simonsen meiner det er vesentlege ting som manglar i handlingsplanen dei kommande åra.

– Eg har ikkje sett at dei har presentert noko løysing for strekninga Arna – Midttun, slik at folk kan sykle på jobb til Sandsli- og Kokstad-området, til dømes, seier ho.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *