gammel brostein

Kreativ utveksling

Lyn Harradine frå Bristol skodar på verket sitt «Silent Bells» som representerer femten år utan dottera si. (Foto: Guro Valland)

Teiknestudentar frå Bristol syner resultatet av tilfeldige hendingar og fridom.

– Føremålet med vitjinga er å laga ei utstilling i eit relativt profesjonelt utstillingsgalleri, seier professor og koordinator for prosjektet, Rita Marhaug frå Kunsthøgskulen i Bergen (KHiB).

Ting skjer

Utstillinga er ein del av ein utvekslingsavtale mellom teiknestudiet i Bristol ved University of West of England og KHiB, og har fått namnet «Things Happen».

Studentane sjølve meiner tittelen skildrar prosjektet godt.

Sudentane saman med lærar John France framføre Galleri Rom8 før opninga i går. Foto: Guro Valland

– Det summerer opp områda me har jobba med, og alle dei tilfeldige hendingane som oppstår i kreative prosessar. Det at me er her og stiller ut kunsten vår er også ein del av det.

– Men samstundes er det ein vakker setning som oppfordrar til fridom, seier Michelle Cioccoloni og Lyn Harradine.

Sjølv om bachelorstudentane har erfaringar frå tidlegare utstillingar, har opphaldet gjeve gode innspel.

 

– Det har vore spennande å sjå dei kulturelle ulikskapane, spesielt gjennom samarbeid med dei norske studentane, gjennom debattar og workshops. Det har verkeleg gjeve oss interessante erfaringar, seier dei to.

Rita Marhaug (t.v) og medarbeidarar frå KHiB legg ei siste hand på verket før opninga i går. Foto: Guro Valland

Kreativt samarbeid
Besøket har grobotn i ein mangeårig samarbeidsavtale mellom universitetet i Bristol og fagområdet Grafikk ved Kunsthøgskulen i Bergen (KHiB), men sjølve programmet med ei reell utstilling vart arrangert for fyrste gong i fjor.

– Studiene ved fagområdet varierer frå år til år, men det som er viktig er å gjenspegla kunstrøyndomen. Å arrangera ei utstilling er difor ei naturleg forlenging av det, og sidan det fungerte godt i fjor, valte me å gjennomføra det i år også, seier Marhaug.

Det er derimot ikkje tilfeldig at det er nettopp universitetet i Bristol kunsthøgskulen samarbeider med.

– Det er mange likskapstrekk mellom utfordringane som båe skulane står ovanfor. Bristol er ein høveleg liten by slik som Bergen og programprofilane våre passar godt saman.

– Dessutan er det jo slik at kunstnarar og kunstverk beveger seg over landegrenser, så det er også praktiske utfordringar med det å frakta, setja saman og gjennomføra ei ustilling som vil gje studentane verdfull kunnskap.

Miriam Ekeholt (22) og medstudentane hennar frå KHiB dreg til Bristol i februar for å halda utstilling. Foto: Guro Valland

Tovegs studentutveksling
I midten av februar dreg studentar frå Fagområde Grafikk til Bristol for å gjennomføra ei tilsvarande utstilling. Samarbeidet med reise og opphald er delvis finansiert gjennom Erasmusprogrammet og har til no vorte ein del av studietilbodet ved KHiB.

– Det gler eg meg veldig til, seier bachelorstudent i Grafikk ved KHiB, Miriam Ekeholt (22).

Ekeholt legg vekt på at utvekslinga vil gje ho gode, men også praktiske utfordringar.

– Eg må blant anna dela opp verket mitt åtte delar for å kunne frakte det som handbagasje på flyet.

– Kven veit, kanskje vert verket mitt betre nettopp på grunn av det, det vil om mogleg gje det eit nytt uttrykk, seier ho.

Utstillinga «Things Happen» i Galleri Rom8 i Vaskerelven held opent frå 26 – 29.januar og syner mangfaldige uttrykk med altifrå teikning til maleri samt keramiske og tekstile objekt.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *