gammel brostein

Denne gjer deg tryggare

Dette krysset på Årstad var uoversiktleg og vanskeleg før rundkøyringa kom. Foto: Vilde Grimelid Oppedal

Rundkøyringar eksisterer ikkje berre for trafikkflyten sin del.

– Statistikken syner at rundkøyringar også fører til ein markant nedgang i ulukker, i høve til vanlege T-kryss, seier Kjell Hisdal, sjefsingeniør i Statens Vegvesen.

Årsaka til at rundkøyringar fungerer så bra for trafikktryggleiken er at alle må redusere farten for å komme igjennom dei.  Dette reduserer ikkje berre antal ulukker, men også alvorsgrada på personskadane.

Storleiken tel

Det er ikkje så mange år sidan Vegvesenet byrja å satse på rundkøyringar, men dei såg snart fruktene av dette.

– Då vi byrja å satse var vi i stuss på om rundkøyringar verkeleg ville ha nokon innverknad på tryggleiken, men erfaringa er at dei gir ei klar betring. Storleiken på rundellen i midten er viktig. Den bør vere størst mogleg, slik at bilistane er tvungne til å senke farten mykje, fortel Hisdal.

I Arna finn ein rundkøyringar der rundellen har ein diameter på over 40 meter. Desse har redusert talet på ulukker betydeleg.

Betre for fotgjengarar

Fordi fotgjengarfelt ofte blir lagde nært rundkøyringar betrar dei også tryggleiken for dei som skal krysse vegen til fots.

– Eg opplever rundkøyringar som svært greie for fotgjengarar sidan dei fører til ein reduksjon i farten hos bilistane. Det eg saknar er eigne sykkelfelt i rundkøyringane, slik som dei har i Frankrike, seier Alette Aasvold (26), som befinn seg ved rundkøyringa på Årstad.

Eva Steine (42) var ikkje klar over at rundkøyringar også gjer trafikken tryggare.

– Nei, det visste eg faktisk ikkje. Eg har eigentleg berre tenkt på at dei er til for å betre trafikkflyten, seier ho.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *