gammel brostein

Kan bli huslause

Det er stor byggjeaktivitet der mathallen skal stå Foto: Vilde Grimelid Oppedal

Forseinkingar med den nye mathallen i Bergen kan gå ut over Turistinformasjonen.

Mathallen på torget blir i følgje Bergen kommune forseinka med femten veker grunna vanskelege grunnforhold. Dette betyr at hallen ikkje vil stå klar før januar 2012.

Skaper problem

Turistinformasjonen er avhengige av å få flytte inn i mathallen til hausten, eller eventuelt eit alternativt lokale.

– Leigekontrakta der vi held til no går ut til hausten. Dersom vi ikkje kan flytte rett inn i mathallen då på grunn av forseinkingane, kan vi risikere å ikkje ha nokon stad å vere, seier Inger Balean, avdelingssjef på turistinformasjonen i Bergen.

Brostein lukkast ikkje i å få nokon kommentar frå Bergen kommune om det vil vere mogleg for Turistinformasjonen å flytte inn før januar 2012.

Taper på anleggsarbeidet

Butikkane på Strandkaien er leie alt arbeidet som føregår utanfor døra deira. Allereie i haust då Brostein rapporterte om byggestopp hadde butikkane merka nedgang i omsetnaden, og dei slit endå.

– Vi merkar framleis nedgangen i talet på kundar, men vi er såpass store at vi klarer oss heldigvis, seier Vegard Thorsen, daglegleiar ved Rema 1000 på Strandkaien.

Han legg til at dersom utsetjinga av mathallen ikkje vil føre til noko meir graving i gata, så går det greit då problemet er at gravinga gjer det vanskeleg å ferdast der.

Dagleg leiar ved Kvamme kolonial- og fetevarer, Einar Lauvås, fortel at også dei slit på grunn av anleggsarbeidet.

– Vi merkar det godt på omsetninga, men det kunne gått verre. Det mest kritiske blir framover våren, for før jul har vi alltid kundar, seier han.

Kvamme understrekar at problemet ikkje er gravinga i seg sjølv, men at det tek for lang tid å bli ferdig.

Gata ferdig i 2012

Statens Vegvesen opplyser om at arbeidet med sjølve gata skal gå som normalt, sjølv om mathallen ikkje blir ferdig til hausten.

– Forseinkinga av mathallen vil ikkje gå ut over arbeidet vårt på Strandkaien. Det skal som planlagt vere ferdig til mars 2012 og det skal opnast for trafikk i desember 2011, sier Marit Eidsnes Rogn i Statens Vegvesen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *