gammel brostein

– Kyrkja er for upersonleg

Nyheitsmerksemda rundt Märtha Louises utsegn om at ho kan tale med dei døde, har ført til ein ny debatt om kyrkja.

Leiaren for det norske spiritualistiske trussamfunn, André Kirsebom seier at folk trekker mot det spirituelle miljøet fordi dei vil ha ei personleg oppleving med «krafta». Domprosten i Bjørgvin, Jan Otto Myrseth, seier seg heilt ueinig. – Kristendommen handlar om møtet mellom den enkelte og Gud. Vi er ein del av eit kollektiv, vi oppmuntrar kvarandre. Presten er ingen mellommann. Det er ein  person med meir kunnskap. Denne kunnskapen skal brukast til å hjelpe andre nærmare Gud.

– Kyrkja si framtid kviler i Guds hand

Korleis framtida til kyrkja ser ut, er vanskeleg for den kvardagslege mann å vite. Når ein fordjupar seg i alle dei nyare religiøse retningane, kan den Lutherske kristendommen framstå som kjedeleg og lite interessant. Vil det kristne gudshus slik vi kjenner det i dag, forsvinne heilt? Eller vil folk bli lei av det som no er nytt og spanande og vende tilbake til det gamle og trygge? Domprost Jan Otto Myrseth seier at det er opp til Gud korleis dei kommande åra blir   – Kyrkja si framtid kviler i Guds hand. Vi menneske blir invitert av Han til medarbeidarskap.

Ei meir liberal kyrkje

Når ein ser på historia, har den lutherske kyrkja utvikla seg i takt med samfunnet. I Det Nye Testamentet står det at kvinna skal tie når kyrkjelyden samlas. Dei fleste protestantiske kristne i dag, meiner at kvinner har like stor rett til å uttale seg som menn. Eit døme som har vore omdiskutert dei siste åra, er homofili. Det er skrive i Bibelen at det ikkje er rett at menn driver utuktig omgang med menn og at kvinner driver utuktig omgang med kvinner. Likevel blir dette meir og meir akseptert. Kva skil desse døma frå dagens debatt om å tale med dei daude? Domprosten har sterke meiningar om dette – Det går ikkje ut på det same. Det står åtvaringar i Bibelen om det å ta kontakt med dei som har kryssa grensa. Det bør ikkje bli ein del av liberaliseringa av kyrkja. Likevel innrømmer han at mogelegheita er der. – Det er ikkje umogeleg at det å kontakte dei døde, blir ein del av den norske kyrkja i framtida.

Det gode vs. det vonde

Dei fleste har sett filmar der hovudpersonen har prøvd å kontakte enten dei døde eller ei åndeleg makt. Som oftast fører dette til at noko farleg hender. Korleis kan ein vite at det ein prøver å kontakte representerar noko godt? André Kirsebom seier at omgrepet det vonde, er noko som heng igjen frå tildømes kristendommen. – Per definisjon fins det ikkje noko vondt. Men kva då med dei som får problem i etterkant av ei slik kontakt? I kristendommen er fleirtalet eining om at det vonde er ein realitet. Det er ei motsetning av Gud som konstant jobbar for å skape noko negativt. Domprost Jan Otto Myrseth er derfor ueinig med André Kirsebom – Om det kan kome noko godt ut av å kontakte dei døde ligg utanfor min kompetanse, men det er farleg. Vi er åtvara mot det i Bibelen.

Opnar for samarbeid

Sjølv om Det Norske Spiritualistiske trussamfunn og den protestantiske kyrkja har mange usemjer, opnar André Kirsebom for eit større samarbeid. – Vi vil jobbe med dei, ikkje mot dei. Domprosten vil overhode ikkje inn i eit samarbeid der ein eksperimenterer med andeverda. Derimot er han einig i at auka samtale kan føre til større forståing av kvarandre sine trusretningar. – Det gjeld ikkje berre Det Spiritualistiske trussamfunn, men også andre religionar. Det er viktig å ha ein open dialog.

1 comment for “– Kyrkja er for upersonleg

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *