gammel brostein

Sleipe steg opp Stoltzen

Foto Sondre Lysne

Fredag 24. og laurdag 25. september skal spreke entusiastar slite seg opp dei 800 trappetrinna i Stoltzkleiven.

[infobox]

Stoltzekleiven opp

Arrangør: Varegg idrettslag

Lengde: 910 meter med 801 trappetrinn

Stigning: 313,5 meter

Påmeldt i 2010: ca 5200 løparar

Rekord menn:Jon Tvedt på 8 minutter 13 sekunder av

Rekord Kvinner:Anita Håkenstad Evertsen på 9 minutter og 56 sekunder

Historie: Stoltzekleiven opp vart fyrst arrangert i 1979 i samanheng med 100-årsjubileet til
Fjellveien. Løpet går frå Fjellveien og opp til skaret under Sandviksfløyen.
[/infobox]

Gry Annett Kalvenes skal delta i løpet for fyrste gong i år (Foto: Sondre Lysne)

Veka før løpet besøkte Brostein startlinja til Stoltzekleiven opp for å skjekka ståa. Vêret er det vandlige: regn og knappe 15 grader, og skapar blaute og sleipe trappetrin som resultat. Ei av dei som trossa vêret var Gry Annett Kalvenes som skal delta i motbakkeløpet for fyrste gong i år, og spring saman med jobben.

– Me er fire stykk frå Bergens Sjøfartsmuseum som skal delta i løpet i år. Men det er mange av oss som mosjonistar som trener ei gong i veka. Av dei fire kollegaene som har møtt opp denne torsdagen er det berre Kalvenes som skal delta i løpet.

– Man klarer ikkje å komme seg ut i vêr som me ser i dag utan ein avtale med gode kollegaer, fortel Kalvenes

Kvinnerekorden i Stoltzenkleiven opp er på imponerande 9 minuttar og 56 sekunder.

– Klarer eg å gå på under 16 minuttar blir eg kjempefornøgd. Og det målet klarte eg sist eg sprang. 15 minutter og 50 sekunder, det har eg vitnar på.

Kollegaene gratulerer, men både Kalvenes og kollegaene poengterer at det er deltakelse, og ikkje minutt og sekunder som er viktigast i konkurransen mellom bedriftene i Bergen.

– Kva trur du er årsaka til at Stoltzenkleiven opp er så populær, i år er det tross alt over 5200 deltakarar?

Vanskeleg å sei, kanskje det at det er så intenst, men kort. Også er det ein god måte å få sjekka kondisen på. Det at Stoltzkleiven er så bynært er nok også med på å gjere løypa populær.

Mange deltakarar byr på utfordringar

Stoltzenkleiva er kjent for sine bratte trapper (Foto: Sondre Lysne)

Når 5200 deltakarar skal springe 910 meter på éin smal sti, byr dette på utfordringar for arrangørane fortel assisterande løpsledar Sverre Ottesen.

– Det at me må sende ut løparar ein og ein er ein kjempeutfordring. Det å få alle til å vere på rett stad til rett tid er ein kjempeutfordring. Ottesen peiker også på at sjølve lengda på løpet også byr på hovudbry.

– I og med at mange spring på rundt 10 minuttar oppstår ein logistikkutfordring med å få tørre klede opp til toppen før løparane kjem opp, men Ottenes reknar med at dei skal få det til i år også.

Kva er det som skal til for at løpet blir avlyst?

– Det skal ein del til for at løpet blir avlyst. Men det er klart at kjemperegnvêr blir eit problem, blir det fare for ras eller at steinar lausnar kan me ikkje gjennomføre løpet. Men det er heldigvis lite sansynleg.

– Kan det bli for glatt?

– Joda, men det går som regel bra oppover, ein klarer alltid å krabbe seg oppover. Men tidlegare har me opplevd snø, då vurderte me å avslutte løpet, då me valde å fortsett. Men det fokuset på sikkerheit har forandra seg med åra, så vurderinga hadde vore heilt annleis i dag enn for 5 år sidan. Ottenes er også klar over at med økt deltaking aukar også sjansen for illebefinnande eller hjartestans i løypa.

– Bank i bordet, me ikkje hatt større hendingar i løpets historie. Me er forberedt med redningslag med hjartestartar både ved start og på toppen, men me håper sjølvsagt me slepp å bruke dei.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *