gammel brostein

For bra til å vere norsk

Vakkert, sært, fengande og fantastisk.

Bergensbandet Major Parkinsom kom nyleg ut med oppfølgjaren til debutalbumet med same namn, som dei spelte inn i California saman med stjerneprodusenten frå Radiostar studios Sylvia Massy. Ho er kjent for å ha produsert artistar som Tool, Aerosmith og Johnny Cash. Denne gongen har dei valgt å produsere plata sjølve i heimbyen, og visar med det at også her kan produserast musikk av internasjonal kvalitet. Ja, det er nesten for bra til å vere norsk.

Sjangermessig, ligg bandet ein plass mellom Tool, Mr. Bungle, Johnny Cash og Kaizers Orchestra, med ein vokal som kan høyrast ut som ei kryssing av Tom Waits, Frank Zappa og Mike Patton. Det kan kanskje høyrast ut som eit sjangermessig kaos, men dette er noko dei dyktige musikarane taklar med glans.

I det eine augonblinket, vert du møtt med psykedeliske progressive parti, og i det andre kjem det rolige avslappande strofer før du blir tatt med inn i eit sært westerntema. Det heile er vel gjennomført, og du blir tatt med i ei mektig plateoppleving.

Dei har med seg ei rekkje gjestemusikarar som blant anna Finn Haram Lie på tuba, Lila Grønsnes på vokal og Rune Langhelle på perkusjon, som alle er med på å gi plata eit løft. Høgdepunktet på plata er songen «Heart Of Hickory» som er den låta som egnar seg best til å bli ein radiohit. Med eit meget fengande tema og mykje leik, er det den songen som umiddelbart skil seg ut som eit høgdepunkt. Men dette er ikkje ei plate du får mest ut av med å høyre enkeltsongar, det er plata som heilheit som gjer den så bra. Heilheita er både vakker, sær fengande og fantastisk. Det er absolutt inga plate du sett på som bakgrunnsmusikk på eit vorspiel, men det er ei plate du kan sette deg ned og verkeleg kose deg med, og følelsen du sitt att med når plata er ferdig, er som om du akkurat har sett ferdig ein god film der du smilar deg gjennom opplevinga frå start til slutt.

Dette er definitivt ikkje det siste vi har høyrt ifrå Major Parkinson, som eg trur har eit enormt potensial ikkje berre i Noreg, men også internasjonalt. Det er ikkje noko anna å gjere enn å bøye seg i støvet og vente på plate nummer tre. Eg gler meg!

1 comment for “For bra til å vere norsk

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *