gammel brostein

Problematisk universitets­status

Om nokre år kan namnet Høgskulen i Bergen vere vekke. (Foto: Vilde Grimelid Oppedal)

Høgskulen i Bergen ønskjer å bli universitet. Ikkje alle studentar er like nøgde med dette. Dei fryktar både ressursmangel og liten plass.

– Dette er eit langsiktig mål med tanke på å auke fagleg kvalitet og forskingskompetanse med tanke på dei utdanningane vi allereie har, seier Carsten Helgesen, prorektor ved Høgskulen.

Studentane er ikkje negative til ein universitetsstatus, men fryktar ei nedbygging av høgskulestrukturen.

– Vi tenkjer ikkje så mykje på om det er ein høgskule eller universitet, men ønskjer å behalde godene som vi som høgskulestudentar har i dag, med tett oppfølging og ein tydeleg klassestruktur, seier Øystein Fimland, leiar for Studentparlamenetet i Bergen.

Fryktar for bachelorutdanningane

Fimland meiner også at høgskulen som universitet gjerne blir meir attraktiv for masterstudentar og forskarar, men at dette vil gå ut over ressursane til studentane som tek ein bachelor.

Prorektor Helgensen tilbakeviser dette.

Øystein Fimland, leiar for Studentparlamentet ved Høgskolen. (Foto: Vilde Grimelid Oppedal)

– Vi vil unngå å «tappe» bacelorutdanningane. Høgskulen har per i dag eit godt omdømme som utdanningsinstitusjon , og dette vil vi gjere alt for å oppretthalde.

Dette trur Fimland vil vere vanskeleg då Høgskulen neppe vil ha nok ressursar til å oppretthalde bachelorgradene slik dei er i dag, samtidig som dei skal styrke forskingskompetansen.

Plassmangel

Det nye bygget til Høgskulen i Bergen som skal stå ferdig i 2014, er heller ikkje planlagt for å vere eit universitet.

– Vi ser ikkje per i dag at planane for det nye bygget kan ha plass til masterstudentar og forskarar då vi allereie i dag er fleire studentar enn det bygget er estimert for, seier Fimland.

Carsten Helgesen ser også problemet i dette.

– Planane for bygget på Kronstad var ferdig kring 2003 og vi har sidan venta på finansiering. På det tidspunktet var skulen mindre og vi hadde heller ikkje vedteke universitets-ambisjonane, så det må nok justeringar til.

Dersom ei justering let seg gjere er alle partar likevel einige om at samlokaliseringa er positiv for både studentar og tilsette.

Er to universitet for mykje?

Rektor ved Universitet i Bergen, Sigmund Grønmo, meiner prinsipielt at det er nok universitet i Noreg. Høgskulen meiner derimot at universiteta vil bli så ulike at det ikkje vil bli nokon konkurranse om studentane.

– Profilen til Høgskulen byggjer på profesjon, og forskinga vi vil foreta som universitet vil dermed også gjelde profesjonane vi allereie utdannar for i bachelorgradene. Vi har derfor ein annan profil enn Universitetet i Bergen då vi satsar på ulike typar studiar og ulike typar forsking, fortel Helgesen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *