gammel brostein

Aukande fattigdom i Bergen

Folk møtte opp på marknadsdagen trass dårleg vêr (Foto: Niklas Westbø Iversen)

Det er fattigdomsveke i Bergen. – Gjennom denne veka skal vi prøve å synleggjere fattigdommen i Bergen og Noreg, seier Wenche Berg Husebø, leiaren av Robin Hood huset i Bergen.

Wenche Berg Husebø jobbar til dagleg med fattigdomsproblematikk (Foto: Niklas Westbø Iversen)

Preben Nicolai Øvrebø er glad for at det finst stader som Robin Hood huset (Foto: Niklas Westbø Iversen)

Arrangementet er ein del av det europeiske fattigdomsåret. I Bergen har det denne veka vore eit mangfald av aktivitetar, blant anna marknadsdag på Torgallmenningen. Fattigdom har vore eit aukande problem dei siste åra, noko dei også har merka på Robin Hood huset som er ein møtestad for fattige.

–  Særleg etter finanskrisa i fjor merka vi ein liten «eksplosjon» av brukarar, seier leiar Wenche Berg Husebø. Vi har sett alt frå mange ungdommar som ikkje finn jobb til arbeidstakarar i 50-60-åra som ikkje lenger er like attraktive på arbeidsmarknaden.

Frank Aarebrot nemner i eit innlegg på marknadsdagen at fattigdommen kan ikkje utryddast, men må reduserast. Det meste av dette må gjerast på politisk nivå.

Dårleg kommunal politikk

– Sosialsatsane må settast opp på minstepensjonsnivå, seier Berg Husebø. Per i dag er utbetaling på litt i overkant av 5000 kroner i månaden, og når ein då i tillegg får trekk i sosialstønaden om ein jobbar litt ved sidan av blir det vanskeleg å klare seg.

Fattigdomsveka skal arrangerast kvart år og fungere som ei opptrapping til neste val ved å tvinge politikarane til å ta stilling til fattigdom i Bergen kommune. I 2010 hadde dei for lite pengar til å auke sosialhjelpsatsane, men kunne likevel halvere eigedomsskatten.

Torstein Dahle trekk også fram i sitt innlegg på marknadsdagen at fattige som mottek sosialstønad blant anna ikkje får kontantstøtte dersom dei har barn, fordi dette blir trekt i frå resten av utbetalingane deira.

– Halveringa av eigedomsskatt har lite å seie for folk flest. Desse pengane burde heller vore brukte på andre område der litt pengar kan gjere stor skilnad. Generelt opplever eg ein mangel på kunnskap om fattigdom blant politikarar, seier Wenche Berg Husebø.

Vanskeleg NAV-system

I tillegg til at dei fattige gjerne ikkje blir prioriterte i den kommunale politikken, så er det ofte problematisk å forhalde seg til det nye NAV-systemet. Både Aarebrot og Dahle trekk fram mangelen på individuell behandling av menneske på marknadsdagen.

Dette støttar Berg Husebø opp under.

– NAV tilbyr hjelpepakkar som brukarane er nøydde å ta i mot, elles mistar dei dagpengane sine. Dette er uavhengig om den enkelte personen har bruk for til dømes eit datakurs eller ikkje. Får ein tilbodet må ein følgje kurset, forklarer ho.

Brukar av Robin Hood huset og fattig, Preben Nicolai Øvrebø, har også hatt problem med sosialhjelp-systemet.

– Eg har fleire gonger opplevd at det er vanskeleg å få igjennom krisehjelp, seier Øvrebø.

Fins tilbod

Det at stader som Robin Hood huset eksisterer i Bergen kan vere viktig for mange fattige som ønskjer å vere sosiale og ha ein stad å gå til.

– Primærmålet til Robin Hood huset er at folk skal få eit nettverk, noko som det er lett å miste som fattig og arbeidsledig, seier Berg Husebø. Vi har blant anna datamaskiner tilgjengelege, og i tillegg er det lunsj to dagar i veka, gratis aviser og yogaklasse ein gong i veka.

Øvrebø har nettopp begynt å bruke Robin Hood huset.

–  Det kunne godt vore fleire plassar av denne typen, seier han. Det er mykje betre enn ingenting for dei som ikkje har noko. Det er også bra at dette er ein rusfri stad.

Både Øvrebø og Berg Husebø håper at fattigdomsveka gjer at folk i Bergen blir meir merksame på at det eksisterer fattigdom i byen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *