gammel brostein

Fjelltur i vinden

- Ein fantastisk tur med god stemning, seier Sverre Slethaug som har rekorden for 7-fjellsturen. Foto: Maria Strømsnes

Dersom du vil delta på 7-fjellsturen i mai i år, kan det vere lurt å tenkje på det allereie no.

– Vi har 8500 ledige plassar på turen i år. I fjor hadde vi 8000, men sidan dei blei fylt opp hevar vi taket i år, fortel Arne-Kristian Teigland, ansvarleg for turen i Bergen Turlag.

I år startar påmeldinga 1. mars.

Det var mange som ikkje fekk tak i billett i fjor, så turlaget reknar med å selje ut alle billettane i år også. I fjor vart svært mange billettar selde i førehandssalet.

Turlaget opplevde ein eksplosjon i interessa for turen i 2008. Då gjekk deltakartalet frå 4500 året før til 7915 deltakarar. Teigland trur dette er ein del av den generelle trenden i samfunnet.

– Det er in å vere i form og å bruke naturen no, og dette merkar vi også. I tillegg har vi vore flinke på marknadsføring av turen, seier han.

Ver førebudd

7- fjellsturen er 3,5 mil lang, og krev derfor at deltakarane har forma inne.

– Dette er ein tur for massane, og alle kan klare å gå distansen med mindre ein er sjuk, seier Teigland.

Arne-Kristian Teigland er nøgd med interessa for turen blant bergensarane. Foto: Vilde Grimelid Oppedal

Det er likevel viktig å ha vore i ein viss aktivitet før ein går i gang med denne turen.

– Folk må komme seg ut på førehand og kjenne korleis det er å gå i marka eit par timar. Dersom ein går ein time to gonger i veka i to til tre månader før turen, så er ein godt førebudd, meiner Teigland.

Rekordhaldaren på turen, Sverre Slethaug, trenar sjølv nesten utelukkande med å springe i fjellet. Han klarer turen på omlag tre og ein halv time. Gjennomsnittet brukar åtte til ni timar.

– Eg har innarbeidd ein god teknikk på å springe både opp og ned i terrenget, og kan derfor springe heile vegen, fortel Slethaug.

For han er turen ei oppkøyring til andre fjelløp og motbakkeløp seinare på sommaren.

Næring er nøkkelen

– Å få i seg nok næring og drikke undervegs er undervurdert, seier Slethaug.

Han anbefalar å ete og drikke svært regelmessig.

– Sjølv et eg kvar halvtime og drikk kvart kvarter heilt frå starten av. Dei som ikkje spring kan gjerne klare seg med litt mindre, men det er svært lett å drikke for lite, seier han.

Teigland understrekar også dette.

– Nok kle og mat er viktig for å kunne klare turen. Ein bør minste doble nista i forhold til kva ein har med seg på jobb. Eg pleier å anbefale masjones og fyrstekake som niste, då dette gir mykje energi, fortel han.

I tillegg er det svært viktig å klippe neglene på tærne.

– Dette er noko mange ikkje tenkjer over. Derfor ender dei opp med blå og vonde tær, seier Teigland.

Lite skadar

Røde Kors sitt hjelpekorps fortel at det er få skadar blant deltakarane.

– Det kjem an på vêret. Dersom det er glatt grunna regn kan folk skli og skade seg slik, men om vêret er bra er det berre småskadar vi ser, seier Thomas Sellevoll, operativ leiar for hjelpekorpset.

Han syns dei fleste er godt førebudde til turen, men dei ser også folk som trur det er ein lett dagstur. Dette gjeld blant anna turistar.

– Ei gruppe japanarar stilte i småsko og med svarte bossekkar som regnklede. Desse måtte sjølvsagt bryte turen, fortel han.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *