gammel brostein

– Vanskeleg å dopingteste

Det er ikkje berre kroppsbyggjarar som dopar seg. - Problemet gjeld begge kjønn, men gjerne spesielt unge menneske, seier Halvor Lauvstad i SATS Norge Foto: Flickr/epSos.de

Treningssenter fortvilar over manglande kontroll.

– Det er ei kjennsgjerning at det er er eit forbruk av prestasjonsfremjande middel blant nokre kundar på treningssenter, seier Sverre Valeur, innehavar av Sprek og Blid i Åsane.

Han meiner moglegheitene til å drive antidopingarbeid per i dag er for dårlege.

– Når vi prøver å gjere noko blir vi motarbeida av reglar og Datatilsynet. Vi strekk lovverket langt for å kunne ha verkemiddel, fortel han.

Valeur seier Sprek og Blid har valt å ha mogleheita til dopingtesting som ein del av medlemsvilkåra for kundane deira. Dette har Datatilsynet vore misnøgde med.

Frivillig

Det er berre dei sentera som har eit samarbeid med Antidoping Norge som kan drive dopingtesting. Det skal likevel mykje til før ein faktisk kan teste nokon.

– Ein kunde kan ikkje testast med mindre han eller ho har signert eit samtykkeskjema, gjeve at dei har ein avtale med oss. Viss ikkje må ein bruke andre verkemiddel, som samtalar og utestenging frå senteret, seier Anne-Kristine Aas, regionskoordinator for Hordaland og Sogn og Fjordane i Antidoping Norge.

Ho fortel at dette er bestemt av blant anna Datatilsynet, men at mange treningssenter no jobbar for å få endra desse reglane.

– Årsaka til at det er frivillig om ein vil testast eller ikkje, er at det er sensitive personopplysningar ein hentar inn ved testing. Det er ikkje kjekt for ein vanleg kunde å bli beden om å ta ein urinprøve når ein skal trene, seier Ove Skåra, informasjonsdirektør for Datatilsynet.

Sjølve bruken av dopingmiddel er ikkje ulovleg i Noreg, anna enn i toppidrettsmiljøa. Det er likevel viktig for treningssentera å ha eit godt miljø for dei som trener der.

Datatilsynet skjønner at det er problematisk for treningsbransjen at det er så vanskeleg å teste kundar dei mistenkjer for doping.

– Vi jobbar no saman med Antidoping Norge og HSH Trening (tidlegare Treningssenterforbundet) om å utvikle ein ny modell for testing som berre gjeld treningssenter og ikkje andre aktørar, seier Skåra.

Denne modellen vil leggje vekt på at treningssentera kan konsentrere seg om kundane dei har sterk mistanke mot. Samtidig blir det teke omsyn til at vanlege kundar ikkje skal bli plaga med testing.

Vil førebyggje

På SATS sentera i Bergen har dei ikkje teke nokon testar siste året, men har jobba mykje med førebyggjande arbeid.

– Vi har hatt samtalar om dopproblematikk med kundar i Bergen som vi mistenkjer for doping. Desse blir då oppfordra til å signere eit samtykkeskjema så vi kan teste dei seinare, fortel Halvor Lauvstad, produktsjef for SATS Norge.

Dei gjennomfører i tillegg kursing av tilsette slik at dei kan handtere denne typen problem.

– Opplæring av dei som jobbar på treningssenter er viktig i arbeidet mot doping. Men det er også viktig å kunne gjennomføre kontrollar ved nokre høve, seier Aas i Antidoping Norge.

Målet til Antidoping Norge er reine treningssenter, og ikkje nødvendigvis å få teke så mange for doping.

Dette er også noko Sverre Valeur ved Sprek og Blid Åsane legg vekt på.

– Eg føler eit ansvar for å lage eit sunt og godt miljø for ungdommen som trenar her, seier han.

Dyrt

På Studentsamskipnaden (SiB) sine treningssenter blir det teke dopingtestar kvart år, og dei bruker mykje pengar på dette.

– Vi har gjort testar både på Vektertorget og Fantoft og teke nokre få kunder for doping. Dette er tredje året vi gjennomfører testar saman med Antidoping Norge, men vi får sjå kva vi gjer til neste år. Vi bruker mykje pengar på desse testane, og ein kan jo stille spørsmål ved om systemet fungerer når det er basert på frivilligheit, sier Bård Johansen, leiar for Studentidretten.

Kostnadene ved testing er også grunnen til at mange mindre treningssenter ikkje samarbeider med Antidoping Norge.

–  Det er uansett ikkje mange som blir tekne kvart år. Dei som faktisk bruker dopingmiddel vel nok oftast å ikkje skrive under på samtykkeskjemaet, seier Johansen.

Antidoping Norge opplyser at det totalt var ti personar som blei tekne for doping på treningssenter i Noreg i 2010. Tala har vore stabile dei siste åra.

2 comments for “– Vanskeleg å dopingteste

  1. A
    8. februar, 2011 at 19:37

    l

  2. A
    8. februar, 2011 at 23:11

    Antidoping Norge opplyser på sine websider at opptil 15% av kosttilskudd kan være forurenset med stoffer som kan gi positiv dopingtest. Samt at dette kan forekomme også i Norge. Idrettsutøvere tilrådes derfor å være forsiktig med kosttilskudd.

    “Idrettsutøvere må derfor ha et svært bevisst forhold til bruk av kosttilskudd. Både norske og utenlandske utøvere har blitt utestengt for doping på grunn av forurenset kosttilskudd”

    http://www.antidoping.no/internett/medisinsk-info/kosttilskudd/

    Når man ser på rettsikkherheten til utøver i Tysse-saken, hvilke sjanser vil en vanlig mosjonist ha til å forsvare seg om han/hun uforskyldt tester positivt ved dopingprøve(f.eks pga forurenset kosttilskudd)..

    Sprek og blid Åsane har over tid brutt vilkårene for sin konsesjon fra Datatilsynet, dette ved at frivillig dopingtest er del av medlemsvilkårene. De har også brutt med markedsføringsloven § 9a (MR-sak 26/00: Forbrukerombudet – Norges Treningssenterforbund).

    http://forbrukerombudet.no/id/234.0

    Der har også vært brudd på Arbeidsmiljølovens § 9-4 gjennom dopingtesting av ansatte.

    Der er for øvrig også oppført diverse narotika på listen over stoffer som er forbudt å bruke ved medlemsskap.
    Er det slik at personer med en misbruksproblematikk skal nektes medlemsskap på treningssenteret? Uavhengig av om de er edruelige og oppfører seg anstendig på treningsenteret?

    http://www.antidoping.no/internett/antidoping-norge/oppdragsvirksomhet/rent-senter/forbudte-stoffer/

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *