gammel brostein

Slaktar rettstryggleiken

Erik Tysse (30) blei dømd for doping 1. februar, men ankar saka. Foto: Flickr.com/ahoistad

Advokaten til dopingdømde Erik Tysse meiner klienten hans er urettferdig behandla.

[infobox]

Dopingsaka om Erik Tysse (30)

1. mai: Avlegg dopingprøve etter løp i San Giovanni i Italia.

2. juni: Norges Fri-idrettsforbund får beskjed om at dopingprøven testar positivt på CERA (3. generasjons EPO).

3. juni: Tysse får beskjed om at han har avlagt positiv prøve.

Midten av juni: Tysse og trenar Stephan Plätzer reiser til labaratoriet i Roma for å overvåka testinga av B-prøven. Etter to testforsøk samsvarar den med A-prøven.

20. juli: Pressekonferanse frå Norges Fri-idrettsforbund og Tysse om den positive prøven.  Tysse kjem ikke til å konkurrera for Noreg i Barcelona-EM. Saken vert overlatt Antidoping Norge.

28. september: Tysse vert anmeldt for doping av påtalenemnda i Antidoping Norge.

11. januar 2011: Forhandlingane mellom Tysse og Antidoping Norge startar.

1. februar 2011: Tysse dømt for doping. Ankar saka.

Tysse og forsvaret hans hevdar at den positive prøven skuldast tilskot av jern eller naturleg produksjon av EPO i kroppen.

[/infobox]

– Med eit system der Norges Idrettsforbund (NIF) utnemner eigne dommarar til å døme saka er det vanskeleg å ivareta omsynet til nøytralitet. Dommen som er avsagt er eit døme på urettferdig behandling og systemet bør endrast i framtida, seier advokat Gunnar Martin Kjenner til Brostein.

Tysse blei 1. februar funne skuldig i doping. Han er teken for bruk av det prestasjonsfremmjande middelet CERA, og er utestengd frå konkurranse og trening i to år.

Overser bevis

Advokaten meiner Tysse er uskuldig dømd.

– Vi har dokumentasjon på at han ikkje har gjort noko galt. Analysane av prøvane er gjennomgått av vitskapsmenn som er dei flinkaste i landet på dette feltet. Dei har ikkje funne spor CERA i prøvane dei har sett på, seier Kjenner.

Advokaten refsar måten bevisa har blitt vurdert på i retten.

– At NIF trur meir på eit system enn på vitskaplege påvisingar sikrar ikkje Tysse si rettstryggleik, seier han.

Tilfredsstillande system

– Dommarane vert oppnemnde av idrettstinget kvart fjerde år. Dei kan ikkje instruerast av idrettsstyret eller Antidoping Norge. Påtalenemnda sine medlemmer fattar også på sjølvstendig vis avgjerda om påtale, og kan ikkje instruerast. Vi meiner rettstryggleiken til Tysse er godt ivareteken, seier Niels Kiær, advokat for påtalenemnda i Antidoping Norge til Brostein.

Han peikar også på at dopingreglane i Noreg er idretten sine eigne reglar, etter modell av det internasjonale regelverket World Anti-Doping Code, gitt av verda sin antidoping organisasjon, WADA.

– Det er ingen andre enn idretten sjølv som kan dømme brot på dopingreglane, seier Kiær.

I land som Italia, Spania og Frankrike er doping straffbart, og vert forfulgt av politiet. Det er ikkje tilfelle i Noreg.

– NIF betalar også for utøvaren sitt forsvar på lik linje med alminnelige straffesaker. Eg kjenner ikkje til noko anna land som har ein tilsvarende ordning, seier Kiær.

Sølvdømmeretten eit etablert prinsipp

Norges idrettsjuridiske forening (NIJF) er einige i at systemet er godt nok.

–  Når ein melder seg inn i NIF så aksepterer ein idretten sin sjølvdømmerett. Det vil seie at ein seier seg einig i at idretten  sine dommsorgan skal dømme i slike saker, seier Andreas Ekker, advokat og styreleiar i NIJF til Brostein.

Han er heller ikkje einig med Kjenner sin påstand om at nøytraliteten til idrettsdomstolen ikkje vert ivareteken.

– I Noreg er idretten sin sjølvdømmerett eit etablert idrettsrettsleg prinsipp.

Ankesak

Advokat Gunnar Martin Kjenner opplyser om at dei har anka saka. Ho vil da bli teke opp att i løpet av eit halvt års tid.

– Tysse har gode moglegheiter for reinvasking viss dommarane er nøytrale, seier han.

Tysse får støtte frå kappgangar Trond Nymark.

– Av respekt for Erik Tysse vel eg å sjå på han som uskuldig til det motsette er bevist. Sidan han har valt å anke er saka framleis i systemet, og slik sett er han ikkje dømd endå, seier Nymark til Brostein.

Brostein har også vore i kontakt med Norges Friidrettsforbund, IL Norna Salhus og Kjersti Tysse Plätzer. Ingen av desse ønska å kommentere saka.

Erik Tysse var ikkje tilgjengeleg for kommentar.

[infobox]

Ankeprosessen

Appellutvalet i Norges Idrettsforbund er neste instans.

Dersom Det internasjonale friidrettsforbundet (IAAF) ankar eller Det internasjonale antidopingbyrået (WADA) ankar, går anken rett til Den internasjonale idrettsdomstolen, CAS.

CAS er også instansen etter appellutvalet i Norges Idrettsforbund.

[/infobox]

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.