gammel brostein

Nye kraftmaster trugar kystlandskap

Skal desse ruve langs vestlandskysten? Foto: Anosmia sin Flickr/CC

– Denne kampen skal vi vinne, seier ordførar i Radøy kommune, Jon Askeland (Sp).

Nok ein gong rasar debatten om bygging av kraftmaster. Denne gongen er det den 35 kilometer lange strekninga mellom Kollsnes og Mongstad som er i elden.

Viss Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) får gjennom viljen sin, vil rundt 20 kilometer av denne avstanden bestå av kraftmaster og luftledning. Olje- og energidepartementet skal ta den endelege avgjerda, skriv bt.no.

Samarbeid mellom kommunar

– I vår kommune skal ein leite lenge før ein finn nokon som er positive til kraftmaster i luftspenn, seier ordførar i Radøy, Jon Askeland, til Brostein.

Det er fire kommunar som er involvert: Øygarden, Radøy, Austrheim og Lindås. At alle parti i fire ulike kommunar er einige om ei sak er sjeldan kost, men på dette området er dei eintonige: Dei vil ikkje ha kraftmaster i luftspenn.

Det norske kystlandskapet er noko for seg sjølv. Foto: MGSpiller sin Flickr/CC

– Vi er alle fast bestemt på at det å legge kablane under bakker er verdt dei ekstra kronene. Denne kampen skal vi vinne, seier Askeland.

Ein lokal kamp

Kraftmaster og luftledning vil ifølgje ordføraren øydelegge store, naturskjønne område.

– Kystlandskapet er eit spesielt landskap som må takast vare på.

Det er ikkje berre politikarane som er misnøgde med forslaget. Det lokale engasjementet er også stort, og folk er villeg til å gå langt for å hindre at det vert bygd kraftkablar gjennom bygdene deira.

– Mange har planar om mønstringar og markeringar viss det vert naudsynt, seier Askeland.

NVE står på sitt

NVE-direktør Agnar Aas seier til aftenposten.no at kraftlinjene er viktige for å sikre Bergensregionen strøm.

– Kraftledninga vil vere viktig for etableringa av ei robust kraftforsyning til Bergen og til Kollsnes, seier Aas.

Han vedgår at sårbar natur vil bli ramma. Spesielt delar av Austrheim er utsett, og derfor har dei tatt forhandsreglar. Mastene er lågare enn vanleg og skadeverknadane for miljøet skal gjerast minst mogeleg.

Avdelingsdirektør i NVE, Rune Flatby innrømmer til aftenposten.no at sjølv om dei har tatt miljøhensyn, er det leveransesikkerheita til Bergen og god kraftforsyning til gassanlegget på Troll som har vore dei to viktigste hensyna.

Gløymt historie

I 1993 søkte Bergenshalvøens kommunale kraftselskap (BKK) om å få bygge kraftkablar frå Fana til Kollsnes. I 1994 erklærte Nærings- og energidepartementet at den 14,4 kilometer lange strekninga i Øygarden skulle leggast under jorda. Dette av hensyn til det unike kulturlandskapet og den påverknaden mastene ville ha på friluftsinteresser og miljø.

– Skal vi i dag øydelegge den naturtypen som i 1994 blei beskytta? Det gir ikkje mening, seier Jon Askeland.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *