No kan alle kvinner lære å symje. Landåshallen tilbyr symjekurs, og menn har ingen adgang.
Fysakeinheten arrangerar i samarbeid med Bergens Svømme-og Livredningsklubb eit symjekurs for fleirkulturelle kvinner i Landåshallen. Alle kursa er fulle.
Eit viktig tilbod
Tre av deltakarane er Ida Bandeh, Ida Sey og Fatoumata Sagna. Dei føler dei lærer mykje på kursa.
– Det er naudsynt å lære seg å symje når ein bur i Noreg. I Gambia og Senegal, der vi er frå, er det veldig få slike tilbod. Det er livsfarleg å symje i elver og sjø og det fins nesten ingen offentlege badebasseng, seier Ida Bandeh.
– Men no kan vi til og med vere med å symje når vi er på stranda med borna! seier Ida Sey.
– Ein føresetnad for å lære å symje
Leiar i Bergens Svømme-og Livredningsklubb, Irene Hjelmaas, ser eit klårt behov for slike kurs. Ho forklarar at mange av kvinnene ikkje kan bade i offentlege basseng.
– Mange av desse kvinnene kjem frå kulturar der det er problematisk å vise hud framfor menn. Kursa er derfor for mange ein føresetnad for i det heile tatt å lære å symje.
For at det skal komme flest mogeleg kvinner på kurset, har Bergen Svømme-og Livredningsklubb bestemt at det berre skal vere kvinnelege instruktørar og badevakter.
– Her er vi strenge: Ingen menn har adgang, seier Irene Hjelmaas.
– Ein dag var det ein mann som såg inn vindauget på kvinnene som symde. Då blei dei frå seg, fortell ho vidare.
Går på med dødsforrakt
– Mange av kvinnene er ganske redde. Dei har ikkje vore i vatn før. Men dei gjev seg ikkje, seier Hjelmaas.
– I starten av kurset var eg redd. Dei første gongane symde eg bakover, seier Ida Bandeh.
– Eg visste ikkje om eg ville klare å lære å symje. Derfor tok eg på meg badedrakta og øvde på å svømme i senga, ler Ida Sey.
No er saken ein heilt annan.
– Neste OL skal eg delta på symjing! seier Fatoumata Sagna (46) med eit lurt smil.
– Vi vil absolutt anbefale dette kurset. Vi vil gjerne at dei forsett å tilby det. Det vil alltid vere behov for slike kurs, seier kvinnene.