gammel brostein

-Vanskeleg å velte regimet

Opprøret i Mahalla i 2008 førte ikkje til endringar i Egypt. Foto: James Buck/CC

Uroa herskar i Egypt, men det er uvisst kva ho vil føre til.

Den siste tidas demonstrasjonar i Egypt har no ført til 860 arresterte personar og seks drepne, melder Aftenposten.

– Mubarak har vore sjuk i lengre tid og folk har venta på ein overgang. Det er krangel innan toppsjiktet om kven som skal ta over, og demonstrasjonane gir større opning for meir liberale krefter, seier Knut S. Vikør, professor i Midtausten-historie ved Universitetet i Bergen.

Ulikt Tunisia

Opprørarane i Egypt har henta inspirasjon frå tunisiarane, som lukkast i å fjerne tidlegare president Ben Ali frå makta. Begge landa har slite med arbeidsløyse og auka matprisar, skriv NRK og Dagbladet.

Vikør trur likevel at det blir vanskelegare for egyptarane å kaste regimet enn det var i Tunisia.

– Tunisia var ikkje militærstyrt, sjølv om politiet var sterke. I Egypt står militæret bak Mubarak og dette gir det sittande regimet meir styrke, seier han.

Aftenposten skriv at det har vore så mange som rundt femten tusen menneske på demonstrasjonane.

Treng ikkje gi resultat.

Vikør meiner det ikkje er sikkert at demonstrasjonane fører til så mykje endring.

– Egypt er eit stort land. Om ti tusen til tjue tusen demonstrerer i nokre få byar, så har ikkje det nødvendigvis så mykje å seie. Ein hadde også til dømes ganske store opptøyer i Mahalla i 2008, men desse førte ikkje til nokon politiske endringar, fortel han.

Reinert Skumsnes, tidlegare student ved UiB som no studerer i Kairo, fortel at demonstrasjonane har stor støtte blant folk der.

– Folk ønskjer endring. Det er ikkje berre underklassen som deltek, men også den unge og vaksande mellom- og overklassen. Men opptøyar med motreaksjonar frå myndigheitene er heller ikkje noko nytt i Egypt. Folk let seg lett leie til opptøyar for å lufte frustrasjon som har bygd seg opp over tid, seier han.

Mange av demonstrantane har også brukt sosiale media for å organisere seg, men det er no hevda at blant anna Facebook skal ha blitt stengt ned av myndigheitene, i følgje The Guardian.

Har slingringsmon

Det er venta at uroa i Egypt og Tunisia også vil spreie seg til andre land, dette særleg om regimet i Egypt fell, melder NRK. Det er likevel tvilsamt at det vil føre til utviklinga av reine demokrati i regionen, fortel Vikør.

– Ein finn ikkje reine demokrati eller diktatur i denne regionen. Regima har derfor moglegheit til å regulere politikken etter kva som er gunstig for dei. Demonstrasjonane kan derfor gå begge vegar. Regima kan anten opne opp eller stramme inn.

Skumsnes meiner det heller burde vere fokus på meir endring enn regimeskifte.

– Denne urolege regionen treng ein fast og stabil leiar. Eg har vore jamleg i Egypt sidan 2005, og har sett ei utvikling til det betre her nede. Per i dag er det ikkje noko alternativ til Mubarak sitt styre, seier han.

USA har ein viktig alliert i Egypt, noe som gjer at dei ikkje pressar på for regimeskifte i landet. Utanriksminister Hillary Clinton har likevel oppmoda om at regimet høyrer på folket og er ope for reform, i følgje Dagbladet.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *