gammel brostein

Farleg trening

Veit du korleis ein skal løfte vekter? Foto: ShawnHenning sin Flickr/CC

Få veit korleis ein løftar vekter.

Det er januar og mange har planar om å starte eit nytt og betre liv. Målet er ofte å ete sunnare og å trene meir. Er denne tilstanden av ekstrem motivasjon berre positiv?

På gata

Silje Hagen (14) er ikkje nøgd med mogelegheitane til å lære å løfte vekter. Foto: Solveig Sæther

For å finne ut kor mykje bergensarar kan om trygg styrketrening gjekk vi i Brostein ut i byens gater for å prate med folk. Ingen av dei vi snakka med syns det i starten var lett å finne ut av korleis dei forskjellige treningsapparata fungerar.

– Ein må sjå på andre og prøve seg fram, Seier Eirik Solvang (22).

Fleire av dei vi møtte var også usikker på om dei ville prøve dei ulike apparata.

– Vi burde lære meir om denne typen trening i gymmen på skulen, seier Silje Haugen (14)

To av dei vi snakka med har fått treningsskade på grunn av styrketrening. Fredrik (22) skada skuldra på grunn av overtrening og Jørgen Kalldestad skada handleddet på grunn av feil løfteteknikk. Skadane kunne vore unngått viss det hadde vore meir vekt på opplæring.

Sånn må du ikkje løfte. Foto: Solveig Sæther

Eksperten sitt råd

Personleg trenar på SiB Vektertorget Rune Soltvedt har fleire gonger opplevd at folk har fått treningsskadar.

– Det som ofte skjer er at folk vil trene for ofte og for hardt. Sjansen for motivasjonsskade eller overtreningsskade er då større.

Viss ein ikkje er vand med å trene anbefalar Rune at ein ligg på rundt tre gonger i veka.

– Så kan ein heller auke mengda etterkvart viss ein ser at det går bra.

- Dette er riktig løfteteknikk, seier Rune Soltvedt. Foto: Solveig Sæther

Markløft er ein av dei øvingane der det er lettast å skade seg alvorleg. Rune Soltvedt har sjølv opplevd at to personar har skada seg på denne måten.

– Det som er viktig er å ha rett rygg. Viss teknikken er dårleg kan ein risikere å få ein kraftig smell i ryggen, seier han.

– Ein skal likevel ikkje vere redd for å prøve seg fram sjølv om ein ikkje er sikker på teknikken. Det er sjeldan ein skadar seg alvorleg.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *