gammel brostein

Anbodskampen snart over

Sidan nye Fjordprins enno ikkje er levert frå verftet Brødrene Aa i Hyen, går den gamle Fjordprins framleis i rute. Foto: Ragnhild B. Rogstad

Snøggbåtane til Fjord1 Fylkesbaatane som har sust oppgjennom kysten frå Bergen til Sogn og Nordfjord dei siste 20 åra byrjar etterkvart å dra på åra, men no er det endeleg klart for fornying av flåten.

Etter fleire års rot og rettsgang med tidlegare anbodsrunder frå Sogn og Fjordane Fylkeskommune, skal vinnaren av konkurransen snart offentleggjerast. Då rutene fyrst vart utlyste i 2007 var det Fjord1 som vann, men etter at det bergensbaserte selskapet Tide Sjø vann ein ankedom i Gulating Lagmannsrett der dei skulda fylkeskommunen for brot på konkurransereglane, måtte anbodet lysast ut på nytt. Kampen står no mellom Fjord1 Fylkesbaatane, Tide Sjø, Veolia Transport Nord og Torghatten Nord.

Anne Grete Kleppe (t.h.) kom med snøggbåten frå Selje til Bergen for å vitje dottera Astrid. Foto: Ragnhild B. Rogstad

– Er desse båtane so gamle då? Det viktigaste er no at dei er trygge, seier Anne Grete Kleppe som kom med snøggbåten frå Selje i Nordfjord.

Etter at EU i 2007 kravde at all kollektivtransport skulle konkurranseutsetjast, vert det etter kvart hyppige utskiftingar av både transportselskap og materiell. Fjord1 som har drifta rutene mellom Bergen og Sogn og Fjordane heilt sidan 1858, har bygd to splitter nye snøggbåtar – før dei veit om dei vinn anbodet eller ikkje. Selskapet har ikkje vore tilgjengelege for kommentar på kvifor dei har gjort dette, men om det skulle vise seg at Fjord1 tapar anbodet etter meir enn 150 års drift, har dei ingen andre ruter å setje båtane inn på.

1 comment for “Anbodskampen snart over

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *