gammel brostein

Brann 2 – Rosenborg 3

Brannspelerane holdt rundt kvarandre medan Nystemten blei songen.(Foto: Markus Gevelt)

Den målrike kampen holdt på spenninga fram til siste minutt.

Klokka nærmar seg 20.00. Fotballspelarane joggar inn på bana. Dei raudkledde til stor jubel. Egil Eldøen stemmer i Nystemten. Heile stadion syng med. Både brannspelarane og brannsupporterane har tru på seier. Dessverre blir Rosenborg for sterk, nok ein gong

Dei første minuttane

Dei første minuttane av kampen, var Brann det mest offensive laget. Både Huseklepp og Austin var ivrige etter å vise seg fram. Kreativiteten dabba derimot fort av og Rosenborg starta å ta over kampen. Allerie i det 11 minutt scora 18 år gamle Markus Henriksen. Skotet var knallhardt og keeper Håkon Opdal var ikkje i nærleiken. Dette var starten på ein kamp som skulle gå Rosenborg og Henriksen sin veg.

Ein målrik kamp

Birkir Már Sævarssons gledeshyl etter hans 2 mål for sesongen. (Foto:Markus Gevelt)

Kampen var prega av fleire småsjansar og mange mål. Birkir Már Sævarsson, som spelte ein brukbar kamp for Brann, scora det første utlikningsmålet. Han kom på eit herlig løp inn i 16meteren. Guastavino var oppmerksam og gav den målgivande pasningen. Örlund kom ut, men Sævarsson sette ballen kaldt mellom beina på keeperen.

I det 61 minutt prøvde Lustig å legge inn framfor mål, men ballen blei stoppa av Kalvenes. Linjedommaren meinte det var hands og det blei dømt straffe til Rosenborg. Kalvenes fortvilte og brannsupporterane peip. Mjelde sprang bort til dommaren for å protestere, men det var allereie dømt. Iversens blei den utvalte og smelte ballen til venstre for keeper, rett i mål.

I andre omgang gjekk det trott for heimelaget. Rosenborg kontrollerte det meste av spelet og brannspelarane starta å bli sliten. Huseklepp, som presterte å spele ein av sine dårligaste kampar for Brann, orka ikkje å springe over midtbana. I det 80 minutt, kom likevel utlikninga. Eit angrep som virka heilt ufarleg, eksploderte då Mjelde greidde å legge inn til Vaagan Moen, ein av kampens beste brannspelarar. Han skaut på direkten, inn i mål.

Ein mann mindre

Markus Henriksens andre mål i kampen. (Foto: Markus Gevelt)

Då resultatet på nytt viste uavgjort vaks håpet blant brannsupporterane. Rett før ferdigspelt ordinærtid måtte Sare forlate bana. Sidan Rosenborg hadde gjort alle bytta sine, kunne dei ikkje sette inn ein erstattar. Dei måtte spele med ein mann mindre ut kampen. Likevel greidde Rosenborg å dra i land sigeren. Markus Henriksen smelte til på ny. Denne gongen via kampens mest uheldige, Christian Kalvenes. Ballen forandra retning og sette Håkon Opdal ut av spel. 3-2 til Rosenborg.

Fortent siger

Sjølv om Brann greidde å redusere to gonger, var Rosenborg det desidert beste laget. Spesielt i 2 omgang var forskjellen tydelig. Når ein i løpet av ein kamp ikkje legg merke til ein spelar som Erik Huseklepp og forsvaret ikkje sit som det skal, er det ikkje overraskande at Brann gjekk på nok eit tap mot Rosenborg. Markus Henriksen fekk oppleve å vere banens beste spelar, i ein alder av 18 år.

.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *