gammel brostein

Matvareprisane aukar

Prisen på dette måltidet aukar. Foto: Peter Hellberg sin Flickr/CC

Prisane på ei rekke matvarer blir sette opp. Medan misnøya er stor i Noreg, må andre land gå så langt som å hamste mat for å unngå krise.
Natt til 1. februar blei prisane på ei rekke varer i norske butikkar sette opp. Det gjekk spesielt utover varer som inneheld kveite, vegetabilske oljer og sukker. Likevel er ikkje forandringane i Noreg veldig store:

– Matvareprisane i Noreg vil ikkje stige så mykje som i andre land. Dette fordi produkta er laga av norske råvarer. Prisen på desse aukar ikkje så mykje i denne omgang, seier direktør for Corporate Affairs hos Orkla Brands, Håkon Mageli til Brostein.

Orkla Brands er ein utviklar, marknadsførar og leverandør av merkevarer og eig til dømes Nidar, Stabburet og KIMs Norge.

Likevel opplyser nettavisen at blant anna H-mjølk og Stabburets leverpostein har auka i pris. Dette sjølv om produkta er laga av norske råvarer.

Hamstring av mat

Grunnen til prisauka er at det er for lite råvarer på verdsmarknaden. Stigande befolkningstal og inntektsvekst i blant anna Asia fører til at fleire folk vil ha meir mat. At ulike delar av verda i tillegg er ramma av flaum eller tørke skapar ekstra konkurranse om råvarene.

– Dei auka matvareprisane har dramatisk betyding for ei rekke u-land, der befolkninga brukar store delar av inntekta si på mat, seier Mageli.

Fleire land, til dømes Algerie, har måtte starte å hamstre mat for at krisa ikkje skal vakse seg for stor. Elfenbeinskysten har slutta å eksportere kakao.

Vil fortsette å stige

– Mykje tyder på at prisane vil auke ytterlegare i løpet av 2011. Vêret og politiske forhold vil påverke denne utviklinga, seier Mageli.

Det er likevel håp om betre råvaretider.

– Viss u-landa får auka matproduksjonen sin, kan det begrense prisauka til ein viss grad. Dette avhenger av store investeringar. I tillegg til dette er det viktig at land ikkje tar i bruk eksportavgifter eller eksportforbud, tilfører direktøren i Orkla.

Stor misnøye

Teresea Osland meinar fleire bør bli vegetarianarar. - Det blir då mat til fleire. Foto: Solveig Sæther

Blant bergensarane Brostein har snakka med, er misnøya stor. Vissa om at andre land har det verre forandra få meiningar.

– Vi kjem ikkje til å ha råd til å fø born, viss vi får det, seier Veronica Lingjerde (17).

– Dei i andre land bør sulte slik at vi får billig nok mat, tilføyer Kristoffer Øvreås (18).

Lene Andreasen syns prisaukinga er tragisk. Foto: Solveig Sæther

– Eg er veldig imot prisauking. Spesielt når det er sunn mat, seier Teresa Osland (32).

– Det er rett og slett heilt tragisk. Det er altfor dyrt frå før, seier Lene Andreasen (28).

Sebastian (36) har derimot sin eigen, personlege måte å takle prisauka på:

– Eg ser på tilbodsheftene frå matvarebutikkane som kjem i posten. Så drar eg gjerne til fire ulike butikkar og handlar der varene er billigast. Prisauka plagar derfor ikkje meg.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *