gammel brostein

– Stor suksess

Jusstudentane Hilde Dale Torvund, Andrea Nordby, Eirik Aas, Anette Johnsen, Kathrine Aas og Øyvind Husby valte curling som sosial aktivitet denne dagen. - Vi kjem igjen, seier dei entusiastisk. Foto: Ingrid Linde Bakken

Curlingfeberen breier om seg i Bergen.

[infobox]

Dette er curling:

  • To lag kjempar mot kvarandre.
  • Føremålet er å plassere så mange steinar som mogleg nærare midten av boet (sjå bilete nederst) enn motstandaren sin beste stein.
  • Ein kamp varer omlag to timar og består av ti omgangar.
  • Kosting varmar opp isen som gjer at friksjon mellom stein og is minkar.
  • Med kosting kan steinen gli lenger eller han kan curle/svinge mindre.

[/infobox]

Dagleg leiar for Iskanten og Vannkanten, Mette Thormodsen håpar dei snart får ein landslagsspelar frå Loddefjord. Foto: Ingrid Linde Bakken

Januar har vore ein knallmånad for den einaste curlingstaden i Hordaland. Iskanten i Loddefjord melder at folk strøymer til for å ta del i den nye folkesporten.

– Viss tendensen for 2011 held fram vil vi nok få eit nytt rekordår. Vi ligg an til å få like mange besøkande som i 2008, då anlegget var nyopna, seier Mette Thormodsen, dagleg leiar for Iskanten og Vannkanten.

Ho trur suksessen skuldast at dei aller fleste kan spele curling utan problem.

Det har vore mogleg å spele curling i Bergen sidan 2007. Iskanten i Loddefjord opna då den første curlingbana på Vestlandet.

– Alle typar kundar kjem for å spele curling. Det er alt ifrå bedrifter til vennegjengar, og dei fleste som prøver sporten kjem att, fortel ho.

Ho dreg fram Noreg sine landslagsprestasjonar i OL og VM som ei inspirasjonskjelde for folk.

Eigen serie

Dei mest hardbarka curlingentusiastane i Bergen har starta eigne klubbar. Etter opninga av Iskanten vart det mogleg for dei å trene regelmessig.

– I 2009 blei det også starta ein eigen serie her i Bergen. Det er no seks lag som stiller, og vi speler kampar frå januar til mars, seier Per Henrik Arnesen, leiar for Øvre Holen curlingforening.

Laget dreg også rundt i resten av landet for å spele i turneringar og lære av dei beste.

– Dei mest proffe laga i Noreg finn ein på austlandet, særleg Oslo. I tilleg har dei også eit bra miljø på Oppedal, seier han.

Miljøet i Bergen er framleis forholdsvis lite. Tidlegare landslagsspelar Dordi Nordby fortel at utviklinga i Bergen er bra, men at dei manglar tradisjon for klubbspel.

– Bergen treng fleire klubbar slik at ein kan dyrke fram eit større miljø og fleire talent. Det bør også bli betre tilrettelagt for rettleiing og opplæring, seier ho.

Hardt arbeid

Ildsjela Nordby meiner ein må trene mykje for å verkeleg bli god.

– Teknikken må vere «bankers», og ein må lære seg taktikk og samarbeid med dei andre på laget. Det er også ein føresetnad at lagkameratane er gode, men alt kjem an på kor god du sjølv ønskjer å bli, seier ho.

Ho meiner alle til ein viss grad kan nå eit høgt nivå.

– Alle kan gå og spele bowling, men for å bli god bør du ha talent og vere treningsvillig. Du må omtrent bu i ein curlinghall, fortel ho.

Sjølv har Dordi aldri budd meir enn tre hundre meter frå ein curlinghall.

Olav Storli, instruktør ved Iskanten og tidlegare juniorlandslagsspelar, meiner det tek fleire år med trening for å bli skikkelig god.

– Ein må trene minst ti timar i veka i omlag fem år for å komme opp på eit internasjonalt nivå, seier han.

Folkesport

Sjølv om Bergen er fersk innan sporten, kan dei aller fleste ha det kjekt på curlingbana.

– Når eg har klart å lære 60-år gamle damer til å spele curling, bør dei aller fleste kunne lære seg dette, seier Storli.

Han legg til at det er ingen grunn til å vere redd på isen.

– I verste fall dett ein tjue centimeter ned og får eit lite blåmerke. Viss du taklar det er du godt bygd for curling, humrar han.

Arnesen frå curlingforeninga meiner også at det skal lite til for å kunne gjennomføre eit spel første gang.

– Dei fleste klarer å få steinen over bana, uansett teknikk. Om dei så sklir på knea kan steinen bli poenggjevande, seier han.

Han trur at dette er ein av grunnane til at sporten har blitt ein så populær fritidsaktivitet.

– Dei fleste som prøver curling ein gang, prøver igjen, seier han.

Slik ser ei curlingbane ut. Boet og spelesona ligg til venstre. Foto: Ingrid Linde Bakken

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *