gammel brostein

Det du må vite til uvêrsturar

Fjellet ser kanskje ikkje veldig fristande ut, men det er fint å gå. Foto: Solveig Sæther

Tips til utstyr, fine turar og stader du absolutt ikkje bør gå.

Uvêr er ingen grunn til å sitte heime i stua og ete kvikk lunch. Pakk sjokoladen ned i sekken, ta på deg ordentlege klede og gå ut på tur. Men hugs: Ta med deg det utstyret som er naudsynt.

Det er glatt

– Skal du ut og gå tur no er det veldig lurt å ta på broddar. Berre ein kjem litt opp i fjellet er det is på bakken, seier aktivitetsansvarleg for Bergen Turlag Arne-Kristian Teigland (29).

Arne-Kristian Teigland (29) meiner at vêret ikkje er noko hindring for å gå på tur. Foto: Solveig Sæther

Turlaget var sjølv på tur for eit par dagar sidan. Tre av dei tolv som gjekk hadde ikkje broddar. Arne-Kristian var sjølv ein av dei utan ordentleg fottøy. Han angra på det.

– Hovudlykt er også smart. Spesielt no når det er glatt. Ein brukar gjerne lengre tid ned enn det ein pleier å gjere og dagane er ikkje lange, seier Arne-Kristian.

For ikkje lenge sidan møtte han to personar på fjelltur. Det var heilt mørkt og ingen av dei hadde hovudlykt.

– Dei såg ingenting. Den einaste plassen dei kunne gå var langs kanten på stien der dei kunne halde seg fast i noko.

Spreke turgåarar

Aud Marit Dahle (21) og Kjetil Steinbru (23) våga seg i lag med fire andre ut i Bergen sin flotte natur – og ikkje på den vakraste dagen.

Aud Marit (21) og Kjetil Steinbru (23) syns det er gøy å gå på tur. Sjølv om vêret er dårleg. Foto: Solveig Sæther

Turen var koseleg og det var god stemning, men neste gong vil dei vere litt betre forberedt.

– Ikkje stol på vêrmeldinga, seier Kjetil. Dagen dei gjekk var det meldt sol og fint. Regnet og kulda som møtte dei var dei derfor ikkje heilt forberedt på.

– Ta med nok klede, seier Aud Marit.

Venegjengen hadde heller ikkje tatt på seg broddar. Ein av dei andre som var med glei fleire gongar på veg ned frå fjellet. Han var ganske stiv dagen etterpå.

Sjølv om vêret var dårleg ville Aud Marit og Kjetil gjerne gått turen ein gong til og dei anbefaler alle å gjere det samme.

– Kom dykk ut!, seier Kjetil.

– Det fins alltid ein annan sti, legg Aud Marit til.

Kvar er det fint å gå?

Det er mange fine turar å gå, også på denne tida av året. Arne-Kristian Teigland anbefaler spesielt Svartediket og Fløyen. Det er også plassar ein må passe seg for.

– Eg ville ikkje gått i Skreddardalen. Det er skarpe steinar og glatt. Isdalen er også skummel. Namnet forklarar kvifor.

– Noko få veit er at du ikkje treng å gå høgt opp før det er fint å gå på ski. Dette er noko fleire bør nytte seg av, seier Arne-Kristian Teigland.

1 comment for “Det du må vite til uvêrsturar

  1. 17. juli, 2011 at 17:48

    This is way more helpful than athnying else I’ve looked at.

Legg igjen en kommentar til Gerrilyn Avbryt svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *