gammel brostein

Ein heim utanfor heime

– Det har vore ei knallopning og me har fått veldig mange gode tilbakemeldingar, seier kaffikokarane Linnea Reitan Jensen (20) og Sonja Moen (26). Foto: Guro Valland

Studentane dreg til kjeldene for kaffi og te.

Stine Gaarder (25) nyt ein god og gratis kopp kaffi i den nye kaféen Ad Fontes. Foto: Guro Valland

– Ein utruleg fin og lun stad, veldig heimekoseleg, seier religionsvitskapsstudent, Stine Gaarder (25), om kaféen til humanistisk fakultet (HF) som opna sist veke.

Ho er innom Ad Fontes med nokre vener for fyrste gong, men gjev uttrykk for at besøket gav meirsmak.

– Eg kjem nok iallfall til å vera her ei gong i veka, seier ho.

Veninna og masterstudent i kulturvitskap, Jorid Martinsen (26), nikkar bekreftande og legg til at tilbodet har vore etterlengta.

– Det er slik ein avslappande atmosfære her, og det er så fint at lokalet vert brukt til noko anna enn ei traust og tom kantine, seier ho.

Kaffikokarane Linnea Reitan Jensen (20) og Sonja Moen (26) dreg fram at lunsjtidene er spesielt populære.

– Me har opplevd fleire gonger at det ikkje er nok stolar og at folk sit seg på golvet for å få plass.

– Så det er utruleg hyggjeleg at så mange vel å nytta seg av tilbodet, seier dei to.

Koseleg og litterær atmosfære i Ad Fontes. Alle sofaene i lokalet har kaféen fått gratis. Foto: Elisa Kolle

– HSU har jobba for dette i over tre år, så no er me veldig nøgde over at me har fått ein så flott tilhaldsstad og at kaféen allereie har vorte så populær, seier historiestudent og leiar for Ad Fontes, Tor Sivertsen Prestegard. Foto: Guro Valland

Gratis drykk

Sidan SIB har monopol på å driva kafédrift på universitetsområda, måtte Humanistisk Studentutval (HSU) sjå andre vegar for å tilfredstilla behovet til kaffitørste studentar.

– Me har oppretta eit eige kaffifond der ein kan skjenka nokre kroner dersom ein kjenner behov for det. Så lenge fondet går i null og me kan gje gratis kaffi og te til dei besøkande, er me nøgde, seier leiar for Ad Fontes, Tor Sivertsen Prestegard.

Sjølv om kaffi og te kan vera tilfredsstillande nok, er det truleg liten tvil om at fleire ventar på moglegheita for å kjøpa øl.

– Me har fått positive føringar frå kommunen i høve skjenkeløyve, så no ventar me berre på at det skal gå i orden, legg Sivertsen Prestegard til.

– Og dersom løyvet vonleg vert innfridd i næraste framtid, vert dette eit ynda og ope lokale for ulike sosiale tilstelningar, som filosofi-kafé eller pubquiz.

Tom Åge Bjerknes (25) går på bachelor i historie og har vore innom Ad Fontes kvar dag denne veka. – Ein utruleg fin stad å sitja og lesa, seier han. Foto: Vilde Stedal Kalvik

Treng alltid fleire folk

Som mange andre studendrivne tilbod i Bergen, er Ad Fontes drive på frivillig basis. Kvar medarbeidar må rekna med å arbeide om lag fire timar kvar veke for å få drifta til å gå rundt.

– Men sjølv om ein er på jobb har ein god tid til å lesa pensum eller ta livet med ro.

Eg oppfordrar difor fleire til å engasjera seg i drifta slik at me sikrar at den nye samlingsstaden vert halde ved lag, seier Sivertsen Prestegard.

[infobox]

Ad Fontes (til kjeldene)

  • Opna 14 januar 2011
  • Held lokale i den nedlagte SIB-kantina til humanistisk fakultet
  • Drive av Humanistisk Studentutval (HSU)
  • Opningstider er måndag til fredag 12 – 18
  • Det er også mogleg å leiga lokalet til private tilstelningar
  • For meir informasjon besøk http://h.uib.no/hsu/

[/infobox]

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *