gammel brostein

Fryktar meir kriminalitet i Bergen

Løvstakken Politistasjon. (Foto: Renate Bratseth)

Ein av venstre sine politikarar på Rådhuset i Bergen stiller sterkt imot forslaget frå ei gruppe personar i Hordaland Politidistrikt om sentralisering av nærpolitiet i bydelane. Kjelder frå Hordaland Politidistrikt seier planen om sentralisering er under handsaming.

Hans-Carl Tveit (V) er overtyda om at det er viktig med nærpoliti i bydelane rundt om i Bergen, særlig i Løvstakken.

Venstrepolitikar Hans-Carl Tveit utanfor Hordaland Politidistrikt. (Foto: Renate Bratseth)

– Løvstakken er ein utsett bydel, seier han.

– Det er viktig å ha politifolk som kjenner lokalmiljøa, og som lokalmiljøa er kjent med. Det kan då vere lettare å ta kontakt med politiet om naudsynt, påpeikar han. Han fortel vidare at det er relevant å vere synleg.

– Dette kan verke preventivt for kriminaliteten i lokalmiljøa.

Mindre tryggleik

Etter at Landås si nærpolitiavdeling blei lagt ned, meiner Tveit at mykje av tryggleiken i området er forsvunne.

– I Landås verka nærpolitiet førebyggjande for kriminaliteten. Visse om at politiet ikkje er til stades, kan skape utryggleik i lokalmiljøet, seier Tveit, som fryktar meir kriminalitet om nærpolitiet i Løvstakken forsvinn.

Tveit meiner situasjonen i bydelane kan verte forverra om nærpolitiet forsvinn inn til sentrum.

– Politiet rykkjer ut sentralt i dag òg, men eg frykter at områder utanfor sentrum kan verte nedprioritert fordi det tek lengre tid å kome seg dit, seier venstrepolitikaren.

– Det vert lite på lokalt nivå som verkar kriminelt førebyggjande om sentraliseringa vert ein realitet, og det kan hende at nokon tek fleire sjansar, medan lokalpolitiet veit kvar ting vanlegvis hender, seier han.

Lite støtte

Bystyret i Bergen Kommune har ikkje engasjert seg noko særskild i saka.

– Vi må legge ekstra trykk på dei, og vi treng fleire samtalar med politiet. Vi må ta initiativ, og finne fram til ei ordning som fungerer økonomisk, seier han.

For eit par år sidan hadde Tveit kontakt med ei nærpolitiavdeling som blei lagt ned.

– Dei var bekymra fordi dei følte at kompetansen og tilliten dei hadde bygd opp i området, kom til å forvitre, seier Tveit.

– Eit erfarent politi som kjenner lokalmiljøa godt, og som har tillit hjå dei lokale, kan lettare oppklåre saker, seier han.

Det har ikkje lukkast brostein.uib.no å kome i kontakt med prosjektleiaren for sentraliseringa.

1 comment for “Fryktar meir kriminalitet i Bergen

  1. 27. juli, 2011 at 8:22

    Infoarimton is power and now I’m a !@#$ing dictator.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *