gammel brostein

Facebook beklagar

Frustrerte brukarar verden over opplevde torsdag kveld at Facebook var nede i rundt to og ein halv time. – Dette er det verste havariet vi har opplevd på fire år, uttalar Facebooks programvaresjef Roger Johnson.

Med over 500 millionar brukarar er Facebook verdens største sosiale nettverk, og feil av denne størrelsesorden bør ikkje skje. Ledelsen i Facebook går derfor ut i dag og beklagar det inntrufne.

Ei oppdatering i systemet førte til at ei feilrettingsrutine kalte på seg sjølv og laga ein evigvarende syklus av spørringer som fekk heile systemet til å knele. For å rette opp i feilen måtte dei slå av heile Facebook og det var altså dette som førte til den lange nedetida.

Først når feilen var funne og heile databasen var gjenoppretta kunne dei så smått begynne å sleppe inn brukarar igjen. Hovudfunksjonane fungerar no som normalt, men tryggleikssystemet er noko redusert og det blir no jobba på spreng for å få orden på dette.

– Vi vil igjen beklage havariet, og vi vil du skal vite at vi tar ytelsen og påliteligheten til Facebook meget alvorlig, avsluttar Johnson.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *