gammel brostein

Skutefesten kjem attende

På sjøkrigsskulen vert Statsraad Lehmkuhl klargjort for seglas til Boston. 100-års jubilanten vert ein sentral deltakar under Tall Ship's Races i 2014. Foto: Ragnhild B. Rogstad

Tall Ship’s Races kjem attende til Bergen. Ei gledeleg nyheit for byen, men medaljen har si bakside.

Det var kulturbyråd Harald Victor Hove, som i ei pressemelding måndag 27. september kunne melde at Bergen er ein av fire byar som er utpeikte som vertshamner for Tall Ship’s Races 2014. Dei tre andre arrangørbyane er Fredrikstad, Esbjerg i Danmark og Harlingen i Nederland.

The Tall Ship’s Races, eller ”sjøens OL” som nokre kallar det, er ei internasjonal kappsegling der store seglskuter frå heile verda kjempar om å verte fyrstemann til å nå dei ulike vertshamnene i Europa. Arrangementet som vert arrangert av organisasjonen Sail training international, var tidlegare kjent som Cutty Sark. Bergen har vore vertshamn 3 gonger tidlegare, sist i 2008.

I motsetnad til kjempeunderskotet til Måløy i 2008, gjekk Bergen med overskot då byen hadde arrangementet for to år sidan. Bergen hadde over 500 000 vitjande med eit overskot på 1,2 millionar kroner etter den store skutefesten.

Men korleis ser kommunen på det å arrangere Tall Ship’s Races no i etterkant av det stramme budsjettet dei nett presenterte?

– Det vil sjølvsagt verte ei utfordring med stramt budsjett sidan vi no får mindre statlege overføringar, men kultur vil uansett vere noko vi satsar sterkt på, seier Hove til Brostein.

Han legg til kommunen har eit godt samarbeid med blant anna marinen, næringslivet og reiselivsnæringa. Det er dessutan ein god moglegheit for å kombinere det med grunnlovsjubileet, marinen sitt 200-års jubileum og ikkje minst feiringa av Statsraad Lehmkuhl som fyller 100 år i 2014.

Bergen politikammer som har ansvaret for tryggleiken, er på si side ikkje like positive til arrangementet.

– Vi får ingen ekstra resursar i samband med slike arrangement sjølv om vi er nøydde å setje inn meir personell, seier politioverbetjent ved Bergen sentrum politistasjon Øystein Frotaule.

Kulturbyråd Hove avsluttar med ei oppmoding til alle bergensarar om å kome seg ut og nyte folkefesten, og gjerne stille som friviljuge.

2 comments for “Skutefesten kjem attende

Legg igjen en kommentar til eiyxvjys Avbryt svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *